Presisjon: Strektrekking krev sin mann og er noko av det Sander Kvittingen har øvd mest på før NM.

Gjekk heilt til topps laurdag: Sander er Noregs beste målar og tapetserer

Gjekk heilt til topps i NM på Lillestrøm.

Sander Kvittingen frå Os var ein av tre finalistar i NM på Lillestrøm.

I tre dagar til endes har han jobba for å overbevisa NM-juryen på årets Bygg Reis Deg-messe om at hans målings- og tapetserarkunst er dei beste.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag ettermiddag fall avgjerda, og Kvittingen vart kåra til Noregs beste målar og tapetserer.

— Det handlar om å få detaljane riktig. Få flyten på penselen slik at det ser ut som om overflata er lakka, og ikkje malt med pensel, fortalde Kvittingen i forkant av NM.

På førehand hadde han lært seg nokre triks i mellom anna strektrekking.

— Det går ut på å måla strekar på frihand slik at det ser ut som om du har brukt linjal eller tape.