Meldt: Føraren blir meldt for forholda og bilen blei avskilta på staden. Foto: Arkiv

Gjorde beslag av narkotika etter å ha stoppa bilførar

Førar vart kontrollert på Halhjem måndag ettermiddag.

Ca kl 17 måndag blei ein førar kontrollert på Halhjem. Ifølgje politiet, køyrde vedkomande utan gyldig førarkort og det blei gjort beslag av narkotika på staden.

– Føraren blei tatt med til legevakt for blodprøve og deretter dimittert. Føraren blir meldt for forholda og bilen blei avskilta på staden. Føraren var ein mann i 50-åra, tilhøyrande ein kommune lenger sør, opplyser politiet.