Gløymde handbrekket: Det kan skje den beste, men det er neppe særleg moro å trilla inn i naboens mur.

Gløymde å setja på handbrekket. Trilla inn i naboens mur.

Det vart ein trasig søndag ettermiddag for ein sjåfør sør for Osøyro.

Om lag klokka 14 søndag ettermiddag fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrt inn i ein mur i eit bustadområde sør for Osøyro.

Eigaren av muren var personen som varsla politiet, og den uheldige sjåføren var sjølvaste naboen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det viste seg å vera naboen som hadde gløymt å setja på handbrekket. Dermed hadde bilen trilla ut av garasjen, fortel fagleiar i politiet, Atle Birkeland.

I fylgje henne blir det, ut frå omstenda på staden, i utgangspunktet ikkje oppretta noko sak på forholdet.