– Godt nytt år og gratulerer med dagen, alle bjørnafjordingar!

1. januar 2020, og vi har fått ein splitter ny kommune. Fusa og Os har «gifta seg», og nye spennande tider ventar oss, skriv ordførar Trine Lindborg.

Sjølv går eg inn i ordførarrolla med respekt, openheit og takksemd.

Eg vil vera ein tydeleg, raus og ikkje minst nysgjerrig ordførar som det skal vera enkelt og trygt å ta kontakt med.

Det er alle vi som bur her som saman skal byggja og utvikla Bjørnafjorden kommune.

Då må vi lytta til dei eldre som har gått framom oss - og til dei unge som kjem etter oss.

Vi skal lytta til deg som veit kor skoen trykker, anten du mottar tenester frå kommunen eller jobbar i kommunen.

Vi skal lytta til deg som har gode idear, og til deg som kan bidra til fleire arbeidsplassar, slik at det kan bli endå meir folk og liv i bygdene våre.

Vi skal tenka miljø og folkehelse når vi legg planar for Bjørnafjorden. Det skal vera trygt og godt å bu her.

«Kommune» betyr «felles». Både kvar enkelt av oss og kommunen vår er heilt avhengige av at lag og organisasjonar har gode kår. Det skal vera kjekt å engasjera seg, oppleva fellesskap og noko som er større enn oss sjølve.

Utan frivilligheita, idrett, kultur og musikk fungerer ikkje samfunnet vårt - korkje der det bur få eller der det bur mange.

I dag tar både du og eg fatt på jobben med å gjera Bjørnafjorden til verdas beste kommune å bu i.

Vi skal vera ein kommune kor vi bryr oss om kvarandre og ser kvarandre.

Mi enkle oppfordring er: ver eit medmenneske! Då blir Bjørnafjorden kommune ein mykje betre plass å bu - for oss alle.

Eg er veldig glad for å ha blitt din ordførar, og eg gler meg til å bli betre kjent med deg!

Trine Lindborg, ordførar Bjørnafjorden kommune