Tips: Politiet ønskjer tips dersom personar som oppheld seg i området observerer ein slik aktivitet.

Grisa til vindauge på barneskule med jord

Igjen er det utført hærverk.

Politiet har fått opplysningar om at det nok ein gong er blitt utført hærverk på Halhjem barneskule.

– Denne gongen har vindauge blitt tilgrisa med jord og det er lagt igjen mykje søppel på staden. Politiet ønskjer tips dersom personar som oppheld seg i området observerer ein slik aktivitet. Det er kjedeleg for skulen og dei som ønskjer å nytta seg av leikeplassen og uteområdet til skulen på kveldstid at slike ting skjer, seier vakthavande ved lensmannskontoret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet vil forsøkja å patruljera meir i området på kveldstid for å førebyggja ytterlegare skadeverk.

Rundt klokka 00:30 natt til laurdag fekk politiet melding om støy frå ein fest på Søfteland. Vedkomande som husa festen fekk beskjed om å halda ro resten av natta. Dette var etterfølgd, ifølgje vakthavande.