Vindkast: Gamle Fusa kommune ligg i randsona for dei kraftige vindkasta som er varsla onsdag.

Gult farevarsel for Eikelandsosen og «stroka innanfor»

Osøyro går klar, men gamle Fusa kommune er i nedslagsfeltet for onsdagens uvêr.

— Ja, det stemmer at vi har sendt ut farevarsel for Eikelandsosen og bygdene ikring, men området er heilt i grenseland av uvêret, forklarer vakthavande meteorolog Rannveig Eikill.

— Det kan nok bli ein del sterke vindkast i Fusa-bygdene, men truleg ikkje så kraftig som på fjellet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Farevarsel: Fusa-bygdene ligg i randsona av farevarselet.

Meteorologisk Institutt har sendt ut gult farevarsel for lokalt kraftige vindkast på 27-30 m/s for delar av Rogaland og Hordaland.

Vinden kjem frå aust, og dei kraftige kasta vil gjera seg gjeldande frå onsdag morgon til onsdag ettermiddag/tidleg kveld.

— Det er nok Rogaland som får den sterkaste vinden, i tillegg til fjellovergangane. Der kan det bli problematisk, med snøfokk og dårleg sikt.