Snø: Osøyro unngår truleg snøen i denne runden, men for høgareliggande bygder kan vinteren vera i anmarsj.

Gult farevarsel: I kveld kan nokre bygder i Bjørnafjorden få den fyrste snøen

Enkelte stader kan det koma opp mot 40 cm snø på nokre timar.

Du har kanskje merka at torsdagen har vore ein sur og kjølig dag som varslar at vinteren etter kvart er på veg.

Uansett har Meteorologisk Institutt idag sendt ut gult farevarsel om snø for store delar av Vestlandet inkludert Hordaland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Varselet gjeld frå og med torsdag ettermiddag til og med fredag ettermiddag.

Sør for Nordfjord er det venta snøbyger over 300-600 meter. Lokalt kan det her koma 10-40 cm på 24 timar. I høgda endå meir.

Snøgrensa er venta å stiga gradvis utover fredagen.

Kva bør du gjera?

Rådet frå meteorologane er å beskytta sårbare installasjonar og gjenstandar som ikke toler den venta snømengda.

Berekn ekstra tid til transport og køyring, bruk riktige dekk og køyr etter forholda.

Det kan vera lokalt vanskelege køyreforhold. Snøfokk i fjellet gir redusert sikt og mogleg kolonnekjøring og/eller stengde vegar.