Tre periodar: I fylkespolitikken har Gustav Bahus mellom anna vore leiar i samferdsleutvalet i tre periodar frå 2003 til 2015.

Gustav Bahus vart heidra under avslutninga for Hordaland fylkesting

Utdelinga fann stad i ærverdige Håkonshallen.

Bahus fekk utdelt KS-heidersteikn for særleg fortenestefull innsats i kommune- og fylkespolitikken - totalt seks periodar, det vil seia 24 år i kommune- og fylkesting.

I fylkespolitikken var han mellom anna leiar i samferdsleutvalet i tre periodar frå 2003 til 2015.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei andre som fekk heider under avslutninga var Bente Bondhus (Sp), Gunnar Bakke (Frp), Roald Stenseide (Frp), Geir Kjell Andersland (V) og Terje Kolbotn (R). Heidersteiknet var utdelt av avtroppande fylkesordførar Anne Gine Hestetun.