Ser alvorleg på det: – Skulen ser svært alvorleg på dette, og kjem til å jobba aktivt for å stoppa denne typen aktivitet.

Hærverk på syklar: - Tør ikkje tenkja på kva som kan skje

Kuventræ skule har den siste tida opplevd hærværk på elevane sine syklar som står parkerte inne på skulen sitt område.

Hjul er forsøkt løyste, bremsar er tukla med og dekk er punkterte, opplyser skulen.

– Skulen ser svært alvorleg på dette, og kjem til å jobba aktivt for å stoppa denne typen aktivitet. Vi tør ikkje tenkja på kva som kan skje dersom nokon syklar ut i trafikken med ein sykkel som er utsett for slikt hærværk, skriv skulen, som bed foreldre og føresette om å snakka med borna om kor farleg dette er.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så skal vi på skulen gjera alt vi kan for å stoppa denne typen framferd.