Den eller dei som var i bilen som hamna i grøfta, skal ha gått frå staden. Politiet ønskjer tips.
Den eller dei som var i bilen som hamna i grøfta, skal ha gått frå staden. Politiet ønskjer tips.

Hamna utfor vegen og stakk frå staden: – Bilen har truleg hatt høg fart

Politiet etterlyser føraren av ein grøn passat stasjonsvogn, og eit vitne som køyrde varebil på staden.

– Det er opplyst om at ein varebil var i området då ulukka skjedde. Melder opplyser om dette, fortel politioverbetjent, Atle Birkeland.

Skal sjekka chassisnummeret

Det var i 18-tida onsdag, at bilen skal ha hamna i grøfta på Lysefjorden-sida av Langedalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Melder opplyser at bilen truleg har hatt høg fart. Bilen hamna på halv åtte i grøfta. Det er ingen kjennemerke på bilen. Det er teken beslag i bilen. Vi vil sjekka ut chassisnummeret, seier Birkeland og held fram:

– Om ein forstår at politiet kan bli varsla ut frå åtferda si, så skal ein ta kontakt med oss jamfør vegtrafikklova. Det er nok nokon der ute med dårleg samvit. Det er naturleg å tru at det er ei årsak til at den eller dei som var i bilen, har vald å forlata staden og ikkje gje lyd frå seg.

Ønskjer tips

Bilen er ein grøn Volkswagen Passat stasjonsvogn, av ein eldre modell, opplyser politiet, som er interesserte i å høyra frå publikum om ein har tips i saka. Politiet oppmodar også den eller dei som var i bilen til å melda seg.