Vil hjelpa: For Kim Roger Knutsen (25) er det ikkje så viktig nett kva bidraget hans går til. Han er nøgd så lenge han veit at det vil hjelpa nokon i jula.

Han har ikkje så mykje til overs, men Kim Roger vil likevel gleda ein familie til jul

— Det er kjekt å kunna gleda andre, seier Kim Roger Knutsen (25).

SOS Bjørnafjorden har søkt etter personar som ønskjer å vera “fadderfamiliar”, og bidra med mat og gåver.

Ein av dei som har meld seg, er 25 år gamle Kim Roger.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han bur i Lysefjorden og driv eit enkeltpersonføretak innan service og anlegg.

— Eg gjer alt mogleg, eigentleg. Trefelling, vegvedlikehald og så vidare.

Har hjelpt SOS Bjørnafjorden tidlegare også

I desse dagar går det i brøyting av vegar. Arbeidsdagane blir for 12-16 timar. Det kjem fram i samtalen at han også tidlegare har stilt opp for SOS Bjørnafjorden.

— Eg har hjelpt dei med å køyra bort boss, slik at dei har sleppt å betala for det, seier han.

— Kva er det du ønskjer å bidra med?

— Eg har sagt at dei må seia frå til meg kva dei får inn og kva dei manglar. Det er ikkje så viktig nett kva pengane går til, så lenge det går til å hjelpa andre, seier Kim Roger.

Håpar på snø til jul

Nett kor mykje han ønskjer å bidra med, ønskjer ikkje Knutsen fokus på. Det er likevel snakk om ein monaleg sum i forhold til hans personlege økonomi.

— Har du mykje pengar sjølv?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Nei, det kan eg ikkje seia at eg har. Eg har nok å betala på, så det kan eg ikkje påstå.

Les også
— Folk ønskjer å bidra, men me har ikkje plass til varene
Les også
Kenneth (37) tek viktig tradisjon vidare: — Me kan ikkje stoppa dette gode arbeidet

— Likevel ønskjer du å bidra?

— Det er kjekt å kunna gleda andre. Så lenge eg kan gjera det, er eg villig.

— Kva forhold har du sjølv til jul?

— Eg har i grunn ikkje så sterkt forhold til jul. Vi var ikkje «stinn i gryn» då eg vaks opp, men det var fine julefeiringar. Eg håpar på snø til jul, for det betyr jobb for meg. Eg har stort sett jobba heile livet. Alltid vore glad i det, seier Kim Roger og smiler.

Les også
Leiaren i SOS Bjørnafjorden er sjølv gjeldsslave og uføretrygda: — Eg veit alt om kor mykje økonomiske problem tynger