Kom til staden: Brannvesenet kom til staden og fekk kjølt ned ytterlegare.

Handlekraftige medarbeidarar tok grep etter røykutvikling i lastebil

I 11-tida torsdag fekk politiet melding om røykutvikling frå ein lastebil ved ei bedrift i Os.

Årsaka til røykutviklinga viste seg å vera varmgang i bremser som hadde kilt seg.

– Handlekraftige medarbeidarar ved bedrifta fekk kjølt ned varmgangen med vatn, og brannvesenet kom til staden og fekk kjølt ned ytterlegare, opplyser politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjåføren fekk pålegg om å framstilla bilen for verkstad med det same, for å utbetra eventuelle feil ved bremser.

Det er ikkje oppretta sak på forholdet.