Sjekka: Alle dei involverte vart sjekka av helsepersonell og det er ikkje meldt om personskade.

Har beslaglagt førarkort etter ulukka på Halhjem

Politiet har oppretta sak etter at ein bil krasja inn i ferjekøen på Halhjem fredag ettermiddag.

Alle dei involverte vart sjekka av helsepersonell og det er ikkje meldt om personskade. Politiet har oppretta sak etter ulukka og beslaglagt førarkortet til vedkomande som førde bilen som krasja.

Vakthavande kan laurdag morgon ikkje seia noko meir om hendingsforløpet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Valkthavande melder også om tjuveri av blomar frå Rema 1000 Byvegen. Politiet har ut frå skildringar, vore og besøkt det som viste seg å vera gjerningspersonen. Vedkomande har erkjend forholdet, og blomane er returnerte til rette eigar.