Nesten alle: Med unntak av éin person, har kommunen no fått kontakt med alle dei 63 på lista over festdeltakarar.

Festen på Kuventræ: Har fått svar på koronatestane til dei fleste festdeltakarane

Kommuneoverlege Klaus Melf kjem med oppdatering etter festen på Kuventræ i helga.

Ein person fekk påvist covid-19 søndag. Personen var på fest i Kuventræ-området laurdag, der vel 60 ungdomar skal ha vore innom.

Melf opplyste onsdag at det hadde kome svar på dei fleste testane til festdeltakarane. Fram til då var alle negative.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det kjem inn fleire svar i løpet av dagen då nokre testa seg fyrst i går.

– Uansett skal alle vera i karantene fram til 12. mai, med mindre ein kontrolltest 9. mai viser at dei ikkje er smitta, understrekar Melf.

Les også
Fryktar større koronautbrot: Ein person med covid-19 tok del i ein stor fest i helga
Les også
Ein ven av den koronasmitta fortel at vedkomande har det tøft: — Har fått mykje hat

Med unntak av éin person, har kommunen no fått kontakt med alle dei 63 på lista over festdeltakarar.

Vedkomande ein ikkje har fått kontakt med, er ikkje tilknytt ein skule og responderer ikkje på telefon, SMS eller meldingar i sosiale medium, ifølgje Melf.

Nokre «tillleggspersonar» har kommunen kunna stryka frå lista då dei ikkje har vore smitteutsette, anten fordi dei forsvann frå festen før den smitta ungdomen kom, eller at dei køyrde festdeltakarar til eller frå festen.

Melf oppklarer samstundes ei misforståing som har versert på grunn av ein annan fest i Kuventræ-området fredag kveld.

– Der har fleire ungdomsskuleelevar delteke, men vi har ikkje mistanke om at desse har vore smitteutsette. Desse treng følgjeleg ikkje gå i karantene eller testa seg, presiserer Melf.

Han legg til at utbrotsfaren frå denne hendinga uansett ikkje er over før alle har testa seg ut av karantene i starten på neste veke.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og så kjem etter planen oppstarten av russetida 12. mai. Faren for eit ungdomsutbrot er nok definitivt tilstades heile denne månaden, seier Melf.

Les også
– Svært viktig å venta på test nummer to
Les også
Ungdom er redd for bot: — Det treng dei ikkje vera