Forkasteleg: Folk som tar frå dei som har minst, burde skamma seg, seier Evy-Irene Søfteland og Åse Tveit.

Har oppdaga fleire tilfelle av steling frå julekorgene til Hjelp til og Hjelpe Os

Den frivillige organisasjonen samlar inn mat til dei som har mindre å rutta med. Frå desse julekorgene er det den siste tida oppdaga fleire tilfelle av tjuveri.

– At folk forsyner seg frå varer som er donerte til dei som treng hjelp aller mest, det er noko av det simplaste eg har vore ute for, seier Åse Tveit, som hjelper Evy-Irene Søfteland, som driver Hjelp til og Hjelpe Os.

Les også
– Ser at stadig fleire treng hjelp

Organisasjonen har julekorger på alle Kiwi-butikkane i Os, samt SPAR på AMFI Os og på Nore Neset, og Coop Extra på AMFI Os. Måndag drog dei to rundt for å snakka med butikkane om å få endra litt på opplegget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle butikkane er samarbeidsvillige. No kan ein levera maten frå seg i kassane, og så blir dei lagra på bakrommet, slik at ingen kan stela. Ein må hugsa å ha med kvittering. Pakkar kan også leverast på senterkontoret, fortel Søfteland og legg til at også på dyrebutikken MAX i Os sentrum, kan ein levera inn.

Det er fleire butikkar som har opplevd at folk har forsynt seg frå julekorgene.

– Det har skjedd på begge dei to butikkane på AMFI-senteret. Fleire posar forsvann. På Kiwi idrettsvegen har det også skjedd. Dei er fanga opp på overvakingskamera.

Dei to damene fortel at gjevargleda er stor.

– Det er nokon som har handla for 2.000 kroner og donert dette, og det er andre som har fylt ei heil handlevogn. Det er utruleg kjekt å sjå kor mange som ønskjer å bidra. Det er også trist å sjå at nokon kan finna på å stela frå dei svakaste.