Etterforsking: - Det blir oppretta sak på forholdet, så vil vidare etterforsking visa om det blir nokre reaksjonar mot førar, opplyser politiet.

Har oppretta sak etter ulukka onsdag, men ingen mistanke om ruskøyring

Det opplyser politiet onsdag.

Onsdag morgon vart det meldt om ei trafikkulukke på Skeisflaten. Ein bil køyrde av vegen og trefte fjellvegen.

Les også
Bil har køyrt i fjellvegg

Det vart meldt om drivstoff-lekkasje og til dels store materielle skadar etter ulukka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Føraren var åleine i bilen og det er ikkje meldt om personskadar.

– Det er ikkje mistanke om promille og ikkje teke førarkortbeslag. Det blir oppretta sak på forholdet, så vil vidare etterforsking visa om det blir nokre reaksjonar mot førar. Føraren er i 20-åra og busett i kommunen, opplyser innsatsleiar Atle Birkeland.