Mange ledige: Det er svært mange ledige plassar for massevaksinasjon. Foto: Kenneth Svenningsen

Har over 500 ledige plassar til massevaksinasjon

Melder om svært god kapasitet.

Kommuneoverlege Klaus Melf opplyser at dei har bortimot 500 ledige plassar for massevaksinasjon for tredje dose med koronavaksine i Oshallen og Fjord’n senter onsdag.

– Det bør ha gått seks månader sidan andre dose, og det har det for dei aller, aller fleste over 65 år, konstaterer kommuneoverlegen, som håpar flest mogleg tek kontakt og bestiller time.

Han legg til at også dei som ikkje har tatt første eller andre dose, er velkomne til å bestilla time til i morgon.

– Det er sjølvsagt òg mogleg å ta vaksinen hos fastlegen.