Gult farevarsel: Regnet aukar på utover fredagen. På tolv timar kan det koma heile 80 millimeter nedbør enkelte stader.

Har sendt ut farevarsel for fredagen. Slik vert veret på nyttårsaftan

Kan koma mellom 60 og 80 millimeter nedbør på 12 timar.

– Regnet aukar på frå i morgon (fredag) føremiddag/tidleg ettermiddag og varer fram til første del av laurdagen. Lokalt kan det koma mellom 60 og 80 millimeter nedbør, og mesteparten kjem i løpet av 12 timar, seier vakthavande statsmeteorolog, Aslaug Skålevik Valved, om kva vi har i vente vesle nyttårsaftan.

Snøgrensa vil ifølgje meteorologen liggja på 400–600 meter først på dagen, før han aukar til 600–800 meter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Enkelte stader vil nedbøren først koma som snø, før han etter kvart går over til regn. Det kan også bli is på vegane som følgje av at regnet frys på kald bakke, opplyser Valved.

– Rolegare forhold på nyttårsaftan

Det er også sendt ut varsel om snøfokk i fjellet både i dag og i morgon på grunn av sterkt vind og snø. Om ein skal tilbringa nyttårshelga i fjellet, bør ein difor søkja å koma seg avgarde fredag føremiddag, ifølgje Meteorologene.

Heldigvis ser nyttårsaftan ut til å verta langt betre enn fredagen.

– Dagen startar med frisk bris frå nordvest, men vinden ser ut til å minka utover dagen. I tillegg kjem temperaturane til å synka noko. Det kan koma nokre sludd- eller snøbyger enkelte stader, men natt til søndag vil nedbøren koma som regn på kysten. Det vert rolegare forhold på nyttårsaftan enn dagane i forkant, slår Valved fast.

Betre vêr i sikte på nyttårsaftan: Fredagen vert våt. Heldigvis er utsiktene for nyttårsaftan langt betre.