Kan koma meir: Natt til fredag kan det koma meir snø.

Har sendt ut farevarsel for snø

Ventar kraftige snøbyer i delar av Hordaland og Rogaland.

Det er venta rundt 10-25 cm snø i området, mest nord i Rogaland. Varselet på gult nivå, gjeld frå kl 04 natt til fredag til fredag ettermiddag kl 15.

På kysten kan nedbøren koma som sluddbyer frå fredag føremiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Beskytt sårbare installasjonar og gjenstandar som ikkje tåler den venta snømengda. Berekn noko ekstra tid til transport og køyring. Bruk riktige dekk og køyr etter forholda. Behov for beredskap skal vurderast fortløpande av beredskapsaktørar, skriv Yr.no.

Konsekvensane kan bli sårbar infrastruktur som kan bli ramma som følgje av snøtyngda. Nokre reiser vil kunna få lengre reisetid. Det kan verta lokalt vanskelege køyreforhold.