Dykkarar er i sjøen og søkjer.
Dykkarar er i sjøen og søkjer.

Hatvik: Dykkarar har avslutta søk

Dykkarane har avslutta søket i sjøen ved Hatvik.

Det var like før kl 19 politiet fekk melding om det tipsar meinte kunne vera ein person som fall i vatnet.

- Meldinga gjekk på noko oransje i vatnet som kunne vera ein arm  i ein regnjakke, fortel innsatsleiar Atle Birkeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Både brann, politi og luftambulanse rykte ut, og dykkarar frå både Os og Bergen.

Båt frå Røde Kors vart også tilkalla, men sendt i retur.

Dykkarar har no søkt i området ved kaien og innover i vika utan å ha funne noko.

Framleis pågår det søk langs land. Om dette ikkje gjev resultat, vil ein avventa eventuell sakna-melding for ein tek opp att søket.

- Me har undersøkt opp mot bilar som står parkert her og båtar, og me har vore i kontakt med eigar av båthamna og mannskap om bord på ein av Samba sine båtar som ligg her. Dei har ikkje sett noko. Per no har me ingen sakna-meldingar og vil avslutta søket, seier Birkeland.

Ferja er attende i trafikk, etter å ha lagt å venta til søket ved kaien var over.