Samla: Ordføraren og fungerande einingsleiar for legetenester i Bjørnafjorden kommune, Mike Görtz, tok fredag turen opp til Beredskapsbygget på Moberg, der legevaktsjukepleiarane var samla til fagdag.

Heidra legevakt-sjukepleiarane fredag

Vart overraska med kake på morgonkvisten.

Ordførar Trine Lindborg og fungerande einingsleiar for legetenester, Mike Görtz, overraska legevaktsjukepleiarane i Bjørnafjorden kommune med kake på morgonkvisten i dag, fredag.

Det skriv kommunen på sine heimesider fredag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg veit at grunngivinga for den nasjonale prisen (årets legevaktpris vart tildelt alle legevaksjukepleiarar i Noreg, journ.mrk). handla mykje om pandemien. Men som ordførar og innbyggar vil eg òg seia noko om kva de legevaktsjukepleiarar betyr for oss elles òg. Tusen takk for at de kvar dag, kvar time er på vakt for oss innbyggarar. Den tryggheita og kompetansen de har er heilt livsnødvendig, sa ordførar Trine Lindborg under seansen fredag morgon.

Les også
Fastlegen meiner kommunen burde ha feira legevaktsjukepleiarane sine

Lindborg og fungerande einingsleiar for legetenester i Bjørnafjorden kommune, Mike Görtz, tok turen opp til Beredskapsbygget på Moberg, der legevaktsjukepleiarane var samla til fagdag.

– Det krevst nokre heilt spesielle eigenskapar for å kunne stå i denne typen jobb. (....) Eg håpar at de ser at de betyr enormt mykje i møte med folk som kan vere på sitt mest sårbare, sa Lindborg.