Trafikkontroll på Halhjemsvegen: Dei siste tre dagane har Utrykkingspolitiet (UP) gjennomført trafikkontroll i 70-sona på Halhjemsvegen.

Heile 36 bøter er skrivne ut dei siste tre dagane

Trafikkontroll på Halhjemsvegen for tredje dag på rad.

Tysdag, onsdag og torsdag har Utrykkingspolitiet (UP) gjennomført trafikkontroll i 70-sona på Halhjemsvegen.

Det har resultert i at mange sjåførar har blitt litt fattigare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tysdag: 16 forenkla førelegg. Høgaste hastigheit: 95 km/t.

Onsdag: 10 forenkla førelegg. Høgaste hastigheit 88 km/t.

Torsdag: 10 forenkla førelegg. Høgaste hastigheit: 92 km/t.

Denne gongen stilte UP seg opp klokka 13.40 og stod på staden fram til klokka 15.30. Det blir opplyst i ein e-post frå Morten Haugland, politibetjent ved Bjørnafjorden politistasjon.

— Det var fokus på fart, dokument og promille. Det blei skrive ut ti forenkla førelegg for fart, og høgaste hastigheit var 92 km/t. Ingen utslag på promille/rus, skriv Haugland.

Fredag morgon var politiet i Bjørnafjorden på plass på Halhjem ferjekai for å ha trafikkontroll med fokus på dokument og promille. Resultatet var gledeleg.

— Ingen reaksjonar, skriv Haugland.