Søkte med hund: Det var hundepatruljen som til slutt fann dei to unge gutane i Os.

Hundepatruljen spora opp to unge gutar mistenkte for å ha køyrd bil

Hundepatruljen fann til slutt dei to unge gutane, som er mistenkte for å ha køyrd bil.

Politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden lensmannskontor, fortel at politiet i natt, kring klokka 03.00, var ute og søkte etter to gutar, som er 13 og 14 år gamle.

– Dei to er ikkje frå Os, og bur på ein institusjon utanfor kommunen. Dei er mistenkte for å ha køyrd bil, fortel Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter at eit vitne sa frå, fann ein patrulje frå Bergen gutane i Os-området.

– Hundepatruljen fann dei to. Dei blei tekne med til legevakta for blodprøver, for å vera sikre på at dei ikkje var påverka, fortel Lyssand.