Storm: Mykje vind og regn pregar dei neste dagane.

Melder full storm: Held på hattane og bind fast trampolinen

– Måndag og tysdag blir verst, i nok ei regntung veke, opplyser Magni Svanevik.

Førre veke var ei grå og regntung veke. Denne veka startar på same måte. Det har vore ein del vind i helga, og ifølgje Svanevik, som er vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, skal vinden auka på måndag.

Les også
Slik ser julevêret ut til å bli

– Det blir kraftig vind i dag (måndag) og tysdag. Det bles ein liten storm på kysten. Vinden kjem frå nord. Det blir såpass kjølig, at nedbøren som er venta i løpet av dagen, vil koma som sludd eller snø. Verst blir det langs kysten. Det er ikkje sikkert at det blir mykje nedbør i Os og Fusa i dag, men vinden er kraftig, seier Svanevik.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kor kraftig vind snakkar vi?

– Det er tilhengjarar og trailerar som har hatt problem i morgontimane, så det er ganske kraftig vind. Som sagt er det aller verst langs kysten.

I morgon vil det halda fram med kraftig vind, men då kjem vinden frå sør.

– Det vil vera ein periode med mindre vind i natt, men i morgon vil det blesa full storm langs kysten. Etter kvart kjem det også ein god del regn.

– Korleis blir temperaturane og køyreforholda?

– Det kan bli mindre skyer natt til tysdag, og det kan frysa på. I morgon fram til regnet kjem, vil det ha blitt så varmt at nedbøren stort sett vil falla som regn. I fjellet og i indre strøk, kan det starta med snø.

Onsdagen vil bli regntung, men slik det ser ut no, skal vinden roa seg. Svanevik fortel at det blir regntungt både onsdag og torsdag, men så er det håp for ei lysare helg.

– Frå fredag og inn i starten av helga, ser det ut til å kunna bli lettare vêr og litt lågare temperaturar etter kvart, fortel ho.