Bestemt: Det er no endeleg bestemt at det er Åsane Byggmesterforretning AS som får oppdraget med å byggja det nye p-huset på Giskavollen. Foto: Abo Plan & Arkitektur AS

Held på valet av entreprenør - parkeringshuset kan stå ferdig på seinsommaren 2021

Bjørnafjorden kommune er ikkje samd med KOFA sine vurderingar.

Det er no endeleg bestemt at det er Åsane Byggmesterforretning AS (ÅBF) som får oppdraget med å byggja det nye p-huset på Giskavollen. Forventa oppstart er november/desember. Forventa byggjetid er om lag 8 månader. Kontraksavklaringsmøtet vert neste fredag.

Det nye p-huset har ei prosjektramme på 50 millionar kroner inkludert mva, og skal husa 153 bilar.

Les også
Kommunen felt i KOFA for brot på regelverket. Parkeringsgarasjen blir utsett enno litt til

Vart klaga inn for KOFA

I vår valde kommunen å innstilla Åsane Byggmesterforretning AS og Donar AS på høvesvis fyrste og andre plass i konkurransen om å få byggja p-huset.

Veidekke Entreprenør vart plassert som nummer tre av totalt åtte innleverte tilbod.

Sistnemnde klaga deretter kommunen inn til KOFA fordi dei meinte at både Åsane Byggmesterforretning AS og Donar AS skulle ha vore avvist frå konkurransen fordi dei ikkje oppfylte kvalifikasjonskrava.

KOFA gav Veidekke Entreprenør medhald i klagen og konkluderte at kommunen ikkje føretok ei forsvarleg vurdering av om kvalifikasjonskravet om kvalitetssikringssystem var oppfylt.

KOFA meiner også at Donar AS skulle ha vorte avviste i konkurransen på grunn av manglande oppfylling av miljøleiingssystem.

Ny vurdering

Kommunen har no gjort ei ny vurdering av om den opphavlege konklusjonen var i tråd med regelverket, og opplyser at KOFA sine utsegner om tolkninga av dei aktuelle kvalifikasjonskrava er vektlagde i vurderinga.

– Donar AS er avvist frå konkurransen på grunn av manglande oppfylling av kvalifikasjonskravet om miljøleiingssystem. Bjørnafjorden kommune ser at den opphavlege vurderinga av Donar sitt miljøleiingssystem ikkje har vore grundig nok, mellom anna er det ikkje tilstrekkeleg for å oppfylla kravet at Donar har lagt fram dokumentasjon for underleverandøren sitt miljøleiingssystem, skriv kommunen på sine heimesider.

Vidare har kommunen konkludert med at ÅBF oppfyller kvalifikasjonskravet om tilfredsstillande kvalitetssikringssystem. Det er dermed ikkje grunnlag for å avvise ÅBF eller gjera om på avgjerda om tildeling i konkurransen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Saman med den nye vurderinga av ÅBF, har kommunen vurdert om verksemda sitt kvalitetssikringssystem inneber ei kvalitetssikring likeverdig ISO 9001:2008. Som del av denne vurderinga har kommunen fått uavhengig råd frå ein ekstern konsulent med ekspertise innan sertifisering av kvalitetssikringssystem, mellom anna ISO-sertifiseringar. Konsulenten har konkludert med at ÅBF sitt kvalitetssikringssystem ikkje er identisk med ISO 9001:2008. Det har ein annan struktur, men når samla sett terskelen for eit likeverdig system, ifølgje kommunen.