Samstundes: Pressekonferansen blir halden samstundes som det europeiske Legemiddelverket EMA presenterer sine vurderingar av ein tredje påfyllingsdose.

Held pressekonferanse i dag - ein tredje vaksinedose kan verta tema

Helseminister Bent Høie (H) og FHIs vaksinesjef Geir Bukholm held pressekonferanse om koronasituasjonen i dag.

Det opplyser regjeringa i ei pressemelding.

Dei opplyser ikkje kva pressekonferansen kjem til å dreia seg om, men den blir halden samstundes som det europeiske Legemiddelverket EMA presenterer sine vurderingar av ein tredje påfyllingsdose koronavaksine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konkret er spørsmålet om ein tredje vaksinedose av Pfizer-vaksinen skal bli gjeve seks månader etter at personar over 16 år har fått to dosar.

Det er ikkje kjent om EMA har landa på ein konklusjon eller kva orienteringa konkret vil omfatta.

Israel har allereie byrja å gje tredjedosar til befolkninga, og USA planlegg å opna for dette. Fleire land, mellom anna Tyskland og Frankrike, vurderer å gje ein påfyllingsdose til risikogrupper.

I Noreg har FHI tilrådd ein tredje dose til spesielle pasientgrupper med nedsett immunforsvar som kan ha dårlegare effekt, medan ei liknande tilråding ikkje er gitt til befolkninga elles.