Helgevêret byr på skyer, sol, regn og vind.
Helgevêret byr på skyer, sol, regn og vind.

Helgevêret: – Det blir ikkje så altfor gale

Det ser ut til at ein må venta nokre dagar før ein får ein smak av sommar.

– I dag er det fint, men det kjem til å skya til i løpet av kvelden. Det er eit lågtrykk som skal passera Rogaland, men det vil også treffa sørlege delar av Hordaland. Det vil seia at Os og Fusa blir påverka, men først litt ut på dagen laurdag. Då blir det skya og regn. Det vil også kunna koma ettermiddagsbyer, seier vakthavande ved Meteorologisk institutt, Mette Sundvor Skjerdal.

Ein fin periode

Det vil både i dag, i morgon og søndag, blåsa vind frå nord.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det held temperaturane nede. Det er meldt liten til stiv kuling på kysten, og det gjer at de vil merka litt vind i Os og Fusa. Søndag held fram i same stil som laurdag, men ser det ut til kunne koma regn først om ettermiddagen, seier meteorologen.

Temperaturane så langt i juli i Hordaland, har vore under gjennomsnittet, men neste veke skal dei i alle fall bli litt varmare.

– Det er eit høgtrykk som byggjer seg opp. Temperaturen vil stiga utover i veka, og nokre dagar kan det bli over 20 grader. Det blir lengre periodar med opphald og sol. Framleis kan det koma ettermiddagsbyer, men det er varmare enn no. Alt i alt ser vi ut til å vera i ein fin periode, seier Skjerdal.