Det er ikkje sikkert det er nok med tre dosar koronavaksine, seier helsedirektør Bjørn Guldvog. Foto: Terje Pedersen / NTB

Helsedirektøren trur ein fjerde dose koronavaksine kan koma til våren

Det er ikkje sikkert det er nok med tre dosar koronavaksine. Helsedirektør Bjørn Guldvog seier ein fjerde dose kan koma til våren.

Regjeringas mål er at heile den vaksne befolkninga skal ha fått den tredje dosen med koronavaksine før påske, men ifølgje helsedirektør Bjørn Guldvog er det ikkje sikkert at dette blir den siste dosen koronavaksine vi får.

– Vi må vera førebudde på at det ikkje er nok med tre dosar koronavaksine, seier Guldvog til P4.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Omikron har kome til Noreg – to tilfelle påviste i Øygarden
Les også
Bed kommunar med høgt smittetrykk om å vurdera heimekontor-tilråding. Bjørnafjorden skal i møte onsdag

Sidan omikronvarianten ser ut til å bli dominerande, vurderer vaksineprodusentane å utvikla vaksinane slik at dei òg er effektive mot den nye virusvarianten.

– Eg trur dei kjem til å gjera det, og at vaksinane vil byrja å vera tilgjengelege frå mars/april, seier helsedirektøren.

Han understrekar at det ikkje er sikkert at vi vil få desse vaksinane til Noreg så tidleg som i mars eller april.

– Derfor er vi avhengige av å ha ei god vaksinasjonsgrad av dei vaksinane vi allereie har, seier Guldvog.