Det var på Hatvikvegen at UP hadde kontroll søndag ettermiddag/kveld.

Her blei ein mann stoppa utan gyldig førarkort. På Halhjemsvegen blei det skrive bøter

Ein mann måtte parkera bilen på staden etter å ha blitt stoppa av politiet onsdag formiddag.

I ein e-post opplyser politioverbetjent Atle Birkeland ved Bjørnafjorden politistasjon at ein bil blei stansa på Hatvikvegen i 09.40-tida onsdag formiddag.

— Bilførar, som er ein mann i 40-åra, har ikkje gyldig førarkort. Han blei meld for dette og bilen blei parkert på staden, skriv Birkeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare opplyser politiet at Utrykkingspolitiet (UP) har hatt laserkontroll på Halhjemsvegen. Dei kontrollerte i 70-sone og det var fire bilistar som blei stoppa for å køyra for fort. Bilisten som var hardast på gasspedalen, blei målt til 86 km/t.

— Det kostar i dag 5.150 kroner og fører til to prikkar i førarkortet, skriv Birkeland.