Moped-støy: Folk som bur i nærleiken har melde frå om støy i samband med mopedkøyring.

Her blir naboar plaga av moped-støy: – Vi må ta grep

– Vi har fått inn fleire meldingar den siste veka, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Kort tid før midnatt måndag, fekk politiet melding frå ein som bur ved Oshallen. Meldinga gjekk på at mopedar køyrer rundt i det nye parkeringsanlegget, noko som er sjenerande for dei som bur i området på Kuventræ.

– Vi er klare over problemet. Patruljen køyrer opp dit av og til for å følgja med. Det er ingen bilar parkert der, så dei har stor boltreplass. Der inne er det også litt ekko, noko som gjer at det blir høgt støynivå. Dette plagar dei nærmaste naboane, og vi må ta grep. Vi har førebels ikkje sett nokon på staden når vi har vore der, fortel Anne Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bot for mobilbruk

Klokka 23.30 måndag blei ei kvinne i starten av 30-åra stoppa av politiet etter å ha brukt mobilen medan ho køyrde.

– Ho fekk 1.700 kroner i førelegg, noko ho vedtok på staden, fortel Lyssand.

Tidlegare måndag kveld, stoppa patruljen ein mann i 30-åra.

– Mannen hadde seks rivotril-tablettar på seg. Han blei avhøyrt og erkjente forholdet, fortel Lyssand.