Ladestasjon: Os har fått 13 nye ladestasjonar. Foto: BKK

Her er dei 13 nye ladestasjonane i Os sentrum

Bjørnafjorden kommune opplyser om 13 nye ladestasjonar for elbil på heimesida si.

- Det er sett opp nye ladestasjonar for besøkjande i Os sentrum, skriv kommunen.

Det er BKK som administrerer ladestasjonane, og for å bruka dei, lastar ein ned Bilkraft-appen, og registrerer brukar. Ein kan også bruka ladebrikke for å lada.

Seks av ladestasjonane er ved Os Aktiv, fire ved Kyrkjeflaten og dei tre siste utanfor Rådhuset.