Godteposane gjekk unna: — Ehm, eg må ha påfyll, sa julenissen.

Her er julenissen i ferd med å gå tom for snop

Heldigvis var det store mengder “på lager”. Sjå biletserie frå julestemninga på Øyro fredag kveld.

Lyslenker og annan julepynt var alt på plass på Øyro. Denne veka kom også julegrana opp, og fredag kveld var folket invitert med for å skapa julestemning i sentrum.

Kort tid før arrangementet starta på ved fotballbanen på Giskavollen, var det overraskande få som såg ut til å ha funne vegen, men det skjedde noko dei siste minutta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då Christoffer Kobbeltvedt gjekk opp på talarstolen, var det eit stort tal menneske som hadde samla seg.

Etter eit musikkinnslag, gjekk alle i samla flokk ned til sentrum. Det var klart for julegrantenning.

Etter at ordførar Trine Lindborg hadde halde tale, var alt klart, og nedteljinga kunne starta.

Det var kjekt med lys i grana, men det var nok éin heilt spesiell person dei minste venta på. Dei måtte først ha seg nokre rundar rundt juletreet, før augneblinken var komen. Ordførar Lindborg leidde an, og alle born ropte febrilsk på mannen i raudt, med stort kvitt skjegg.

Endeleg kom han. Det var dei minste som skulle få helsa på han først. Då var det berre til å brøyta seg fram i den store forsamlinga.

— Ehm, eg må ha påfyll, sa julenissen kort tid etter at han hadde starta å dela ut godteposar.

Heldigvis var det store mengde «på lager», og nissen sine hjelparar fekk det travelt med å fylla på.

Tidlegare fredag blei det store julelyset på toppen av Borgafjellet, Borgalyset, tent. No er også Os sentrum klar for jul.