Har starta: Kommunen har starta arbeidet med legging av ny vassleidning og bygging av fortau.

Her kjem det fortau

Skal leggja ny vassleidning og byggja fortau.

Bjørnafjorden kommune har starta arbeidet med legging av ny vassleidning og bygging av fortau i Gymnasvegen.

– Gymnasvegen vert difor stengt for gjennomkøyring mellom nr. 90 og nr. 111 frå måndag 23. januar, opplyser kommunen på sine heimesider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilkomst til eigedomane vert via innkøyring anten frå Idrettsvegen eller frå Byvegen.

– Følg skilting. Gåande kan passera, skriv kommunen.