Hegglandsdalsvegen: Politiet får mange meldingar om folk som køyrer for fort i Hegglandsdalen. Foto: Benjamin Søgnen Olsen

Her køyrde 19-åringen godt over fartsgrensa. I bilen bak, sat politiet

Sivilpolitiet køyrde bak den unge mannen, som hadde for høg fart gjennom Hegglandsdalen torsdag kveld.

Politiet som køyrde bak 19-åringen torsdag kveld i 22-tida, følgde bilen over eit lengre stykke og kom fram til at han hadde køyrd i gjennomsnitt 66 km/t i 50-sona.

– Føraren fekk eit førelegg på 5.500 kroner i tillegg til seks prikkar. Dette fordi han er i prøvetida, fortel politioverbetjent, Thomas Juulseth.

Vidare fortel Juulseth at Hegglandsdalen er eit område dei følgjer med på.

– Vi har fått mange klagar på at bilistar held for høg fart gjennom Hegglandsdalen. Dette er eitt av områda vi følgjer med på, seier han.