Bo på plass: Bo Hitland jobba tidleg tysdag med å få straum til dei nye bommane ved den nye parkeringsplassen på Osøyro.

Her legg Bo Hitland straum til dei nye bommane i sentrum

Tysdag morgon var Hitland som jobbar i Os Elektro i gang med å syta for straum til dei nye bommane.

I februar blei det kjend at det kjem bommar ved dei nye parkeringsplassane, på den gamle bensin- og brannstasjonstomta.

Les også
No kjem det bom ved dei nye parkeringsplassane

No ser det ikkje ut til å gå lang tid før det nye systemet er på plass. Hitland fortalde at han blei ferdig med å leggja straum i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Etter at eg er ferdig skal det koma ein og programmera bommane, fortel Hitland.

Det har ikkje lukkast Os & Fusaposten å nå Lisbeth Axelsen, som leiar gruppa i kommunen som jobbar med å betra situasjonen på Osøyro.