Blei de lurt, lesarar?: De var ikkje åleine. Årets aprilspøk frå avisa si side, tok vi for ei gladsak. Vi blei også lurt.

Her skulle eg ha henta gratis tulipanar til fruen. Eg blei lurt

Det var ikkje berre lesarar som blei lurt av vår ufrivillige aprilsnarr. Underteikna gjekk også fem på.

Tidlegare i dag fekk vi tips om litt av ei «gladsak». Klokka 18.00 skulle Thomas Lyssand koma til Osøyro for å levera ut gratis tulipanar, fordi dei hadde så mange som dei ikkje blei kvitt, grunna korona-situasjonen. Ei fin oppfølginssak til intervjuet vi gjorde med Lyssand tidlegare i veka. Tenkte vi.

Les også
I kveld reiser Thomas til Osøyro for å dela ut tusenvis av påsketulipanar

Denne må vi ut med før klokka 18, slik at folk er klare over dette, tenkte vi. Samstundes så tenkte underteikna at dette var ein ypparleg sjanse til å imponera litt på heimebane. Det er jo ikkje ofte eg kjem heim med blomar...

Artikkelen held fram under annonsen.

Kort tid etter at eg hadde lagt ut saka, kom det ein del kommentarar om at dette måtte vera ein spøk. Det er dumt at folk trur det, tenkte eg. Bør vel høyra med Lyssand berre for å forsikra meg. Han berre lo i telefonen. Helsike, tenkte eg. Eg blei lurt. Avisa blei lurt. No har vi lurt lesarane.

Vi hadde snakka om det, og bestemt oss for ikkje å ha noko aprilspøk i år, gitt situasjonen vi står i. No har vi ufrivillig lurt lesarane. Beklagar det. Håpar ikkje at du no sit i bilen på veg inn til Osøyro for å få nokre gratis tulipanar...

Til opplysning: Det siste avsnittet i den førre saka blei lagt til i panikk då eg fann ut at eg hadde blitt lurt.