Slik ser det ut: Slik ser det ut kring parkeringsplassen på Midtsæter når det er fint vêr. Garden og hus på Midtsæter kjem ein til når ein har passert dette området.

Herman har fått nok: Vil stengja inne eller taua vekk feilparkerte bilar

Dei fleste ser fram til minst ei veke med sol. Herman Askvik sit med blanda kjensler.

I påska ringde både Herman og faren hans til politiet fordi turgåarar hadde parkert slik at det var umogleg å koma seg fram. Det er ikkje første gongen at turgåarar på Midtsæter skaper problem for Herman, faren eller andre som bur forbi parkeringsplassen på Midtsæter, fortel Herman.

Les også
Bonde blei innestengd: Turgåarar måtte kallast ned frå fjellet for å flytta bilane sine

– Eg bur ikkje der no, men faren min har garden der. Eg har sauene, så eg er det kvar dag. Eg skal flytta dit snart, men er ikkje heilt på plass enno, seier Herman.

Artikkelen held fram under annonsen.

Problemet skal vera at parkeringsplassen som er laga til, raskt blir fylt opp. Spesielt når det er godvêr. Då tek folk seg til rette, og parkerer på motsett side av vegen, på snuplassen på toppen der det er skilt som seier forbod mot parkering, i grøfta langs den smale vegen og på møteplassane på veg oppover.

Så langt i år har Herman måtta ta seg ein runde fem gonger. Det han gjer då, er å finna ut kven som eig bilane som står feilparkert, og gjev dei beskjed om at slik kan dei ikkje stå, og at dei må flytta bilane.

– For oss som køyrer opp her med tilhengjar på bilen, traktor og lastebil, er det eit stor problem å koma seg fram. Dei parkerer også i oppkøyrselen vår, slik at vi verken kjem oss ut eller inn, seier Herman.

Lite plass til å passera: Bilen i midten er Herman Askvik sin. Dei to andre skal vera turgåarar. Det er ikkje stort rom til å passera, i alle fall ikkje med større køyretøy.

Har bestilt nye skilt

Vegen opp er kronglete og smal. I utgangspunktet eit dårleg utgangspunkt om det skulle oppstå ein brann eller eit anna naudstilfelle på toppen av bakken. Turgåarar gjer det til tider umogleg å koma fram, meiner Herman.

– Det var ein brann i eit hus her oppe for ei stund tilbake. Då hadde brannbilane problem med å koma seg fram. Då var det ikkje turgåarar her. Men det kom ein del folk som berre var nysgjerrige. Hadde dette skjedd på ein dag der det var haugevis av bilar her, ville ikkje brannbilane ha kome seg fram, seier Herman.

Det har aldri før gått så langt at Herman har flytta bilar som har stått i vegen for han. Så langt har han delt ut åtvaringar, men han kjem med ei åtvaring til dei som vel å halda fram med å feilparkera i området.

– Eg har bestilt inn fleire nye skilt. Eg får berre ta den rekninga, og håpa at det hjelper. Om det ikkje gjer det, vil eg anten sperra bilane inne slik at dei ikkje kjem seg av garde når dei vil, så kan dei sjå kor kjekt det er, eller så vil turgåarane koma ned frå fjellet og ikkje finna att bilen sin, fordi den er taua bort, seier Herman.

Folk reagerer ulikt når dei blir snakka til

Dei aller fleste som Herman har snakka til, har teke meldinga til seg. Dei har unnskyldt seg, og flytta bilane sine.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men så er det nokre som blir sure, og som spør kvar dei då skal parkera. Det skal ikkje vera vårt problem at dei ikkje finn parkeringsplass. Då får dei reisa ein annan stad å gå tur, eller prøva igjen ein annan dag, seier Herman og legg til:

– Parkeringsplassen som kom til, var for at folk skulle unngå å parkera ute på bakkane og over alt. Det var faktisk ein av dei som eig her oppe som gav frå seg eigedom for å få dette til. Det har ikkje hjelpt. Det har berre kome fleire turgåarar slik at parkeringa raskt blir fylt opp, og problemet held fram.

Det er ikkje berre parkering som er eit problem på Midtsæter, ifølgje Herman. Hausten 2018 la han ut eit bilete på Facebook av eit lam som hadde blitt biten til blods av ein laus hund.

– Lammet overlevde. Det gjorde ikkje ein vêr som var utsett for det same. Han måtte vi avliva. Det er turgåarar som ikkje har hundane sine i band som er årsaka til at slike ting skjer. Vi hadde også eit tilfelle for ei stund sida der nokon hadde bunde saman bakbeina til ein vêr. Han kom humpande ned frå fjellet, fortel Herman.

Finn plass: Når det er fullt på parkeringa, finn turgåarar andre stader å setja frå seg bilen.

Håpar å kunna få gjort vegen privat

Dei skal også ved fleire høve ha opplevd at folk tek seg inn til sauene og lamma, og kjem no til å setja opp kamera for å kunne følgja med.

– Om det er nokon som ønskjer å helsa på sauene eller lamma, så skal dei sjølvsagt få lov til det, men det er klart at ein må spørja først. Ein gong var eit lam flytta vekk frå mora. Det blei ikkje oppdaga med ein gong. Då ville ikkje mora ta til seg lammet igjen, fortel Herman.

Frå i morgon av og minst ei veke fram i tid, er det meldt strålande turvêr. Herman har blanda kjensler.

– Sjølvsagt ønskjer eg at det skal koma godvêr, men eg er ikkje interessert i å få haugevis av turgåarar opp her. Eg har eit lite håp om at vi kan få gjort vegen privat. Då kan vi i alle fall få opp ein bom heilt nedst i vegen. Slik at folk må gå heile vegen opp, seier Herman og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg håpar at mange får med seg denne saka, og at folk bryr seg. Om dette held fram, så er det slutt på tolmodet mitt. Det einaste som då kan verka, er at bilar blir taua eller sperra inne, og så går ryktet. Eg vil tru at det hjelper meir enn at eg stadig må snakka til folk.

For ordens skuld, underteikna var ein av dei som blei kjefta på i slutten av mars, då Herman la ut ein video og nokre bilete på Facebook som viste tilstanden på Midtsæter på ein godvêrsdag.