Historisk høg arbeidsløyse i Vestland

9 av 10: Om lag 9 av 10 nye arbeidssøkarar i mars oppgjev permittering som årsak til at dei melder seg ledige hos NAV.

I Vestland var arbeidsløysa ved utgangen av mars på 10,2 prosent eller 34.274 personar.

– Det er ein auke på 336 prosent frå same månad i fjor og utgjer 26.406 personar, opplyser NAV i ei pressmelding.

I Bjørnafjorden er arbeidsløysa på 10,2 prosent og utgjer 1.309 personar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om lag 9 av 10 nye arbeidssøkarar i mars oppgjev permittering som årsak til at dei melder seg ledige hos NAV.

– Mange av dei ledige har eit arbeidsforhold å returnera til når denne krisa er over, men vi får òg signal frå marknaden om at mange ser dystert på situasjonen. For kvar veke som går med denne unntakstilstanden, vil fleire og fleire verksemder få utfordringar med å overleva, seier direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes i pressemeldinga.

– Vi førebur oss på at talet på ledige vil være høgt lenge etter at tiltaka rundt koronasituasjonen er oppheva, legg Bogsnes til.

Tala får NAV viser at det er flest ledige innan butikk- og salsarbeid (5672), reiseliv og transport (5550) og serviceyrke (4218), medan det er færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (205), akademiske yrke (373) og undervisning (739).

Talet på ledige stillingar har gått ned med 17 % sidan mars i fjor. Innan industri er det derimot ein auke på 39 prosent.

– Ei årsak til dette kan være at ein del bedrifter har utanlandsk arbeidskraft som no sit i heimlandet, og på grunn av reiserestriksjonar ikkje har mogelegheit til å kome til Norge, seier Bogsnes.

Arbeidsløysa i heile Noreg samla er på 10,7 prosent.