Tjuveri-utsett plass: Det har fleire gonger vore tjuveri i kiosken på Kuventræ. Her frå eit par år tilbake då Hans Parnefält var dagleg leiar. No har folk også gått så langt at dei har stole hjartestartaren som er festa på baksida av bygget.

Hjarteskjerande tjuveri: — Her snakkar me om utstyr som kan redda liv

For andre gong har nokon stole hjartestartaren på Kuventræ. Politiet håpar tjuvane angrar seg.

I går formiddag melde Os Turn fotball til Bjørnafjorden lensmannskontor at hjartestartaren som heng ute på kiosken mellom banane, var stolen for andre gong i løpet av relativt kort tid.

Atle Birkeland ved Bjørnafjorden lensmannskontor kommenterer saka slik:

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det er veldig leit at slikt utstyr blir stole. Her snakkar me om meir enn ein gjenstand; dette er utstyr som kan redda liv, slår Birkeland fast.

Kan angra seg

Han seier vidare at om dette er snakk om rampefakter, så er det lov å angra seg.

— Kan henda har dei ikkje tenkt seg så mykje om, dei som gjorde det. Eller snakkar me om folk som er ute etter å omsetja hjartestartaren i pengar? Det er jo utstyr som kostar ein del dette her, minner Birkeland om.

Han legg til at både politiet og Os Turn tek imot tips i saka.