Eldst: Holdhus gamle kyrkje er den eldste kyrkja som framleis finst i Fusa-delen av Bjørnafjorden. Kyrkja er truleg bygd ein gong på 1700-talet.

Holdhus gamle kyrkje får 100.000 kroner til sikring av kyrkjebygget

40 kyrkjer frå før år 1800 får pengar til sikring og istandsetting av veggar, tak og tårn, samt utskifting av gamle el-anlegg og varmeomnar. Holdhus gamle kyrkje er éi av dei.

– Å ta vare på gamle kyrkjebygg er svært viktig. Dei er i ei særstilling som kulturminne i bygd og by over heile landet og blant dei mest dyrebare bygga når det kjem til arkitektur og kunst, seier barne- og familieminister Ida Lindtveit Røse i ei pressemelding.

Som leidd i å ta vare på kulturarven, har Stortinget løyvd 20 millionar kroner til sikring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg i 2020. I tillegg kjem sju millionar frå regjeringa si tiltakspakke retta mot bygge- og anleggsbransjen knytt til koronakrisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tildelinga av tilskota i 2020 vil gå over to rundar. Ved årets fyrste tildeling av tilskot har Riksantikvaren i samråd med Barne- og familiedepartementet, KA (arbeidsgivarorganisasjon for kyrkjelege verksemder) og KR (kyrkjerådet) valt å prioritera dei eldste kyrkjene våre, altså kyrkjebygg som er frå før år 1800. Alle dei 40 kyrkjene som har søkt om pengar, har fått pengar. Holdhus gamle kyrkje i Hålandsdalen er ei av dei. Av potten som vart fordelt no i starten av juli, har kyrkja i Hålandsdalen fått 100.000 kroner.

– Departementet kjem attende til tildelinga av dei resterande midlane seinare i år, går det fram av pressemeldinga på regjeringa si nettside.