Passasjerbetaling. Autopass skal ha gjort det dyrare for pendlarar. No vil Hordaland fylkeskommune innføra passasjerbetaling. Dette gjeld sambandet Hatvik - Venjaneset.
Passasjerbetaling. Autopass skal ha gjort det dyrare for pendlarar. No vil Hordaland fylkeskommune innføra passasjerbetaling. Dette gjeld sambandet Hatvik - Venjaneset.

Hordaland har fått kalde føter: Vil ha passasjerbetaling – i tillegg til Autopass

Årsaka skal vera at Autopass har gjort det dyrare for dei mange pendlarane.

Det erNRK som melder at ein no kan enda opp med fleire ulike betalingssystem på ferjene som bind saman Vestlandet.

Statens vegvesen har ansvar for ferjene på riksvegane. Innføringa av Autopass på riksvegferjer blei vedteke av Stortinget i Nasjonal transportplan for 2014–2023. Det er noko anna med ferjene som fylkeskommunen har ansvar for. Dei kan enda opp med andre betalingsløysingar. Fylkesvaraordførar i Hordaland, Pål Kårbø (KrF), seier til NRK at årsaka til at Hordaland har fått kalde føter, er tilbakemeldingar frå fleire øykommunar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Pendlarane får det dyrare med den nye ordninga, seier han tilNRK.

Meiner at dette er uheldig

Med fleire passasjerar i bilen, gjer Autopass ferjeturen billegare enn kva som var tilfellet før innføringa. Men, dei som køyrer åleine, må ut med meir enn tidlegare. Difor vil fylkesutvalet ha både Autopass og passasjerbetaling.

– Det kostar pengar å gjeninnføra passasjerbetaling, men heilskapen gjer at vi vil anbefala det likevel, slik at vi kan setja ned prisen for bil, seier Kårbø til NRK.

Korleis passasjerane skal betala, har dei ikkje funne ei løysing på. Dag Hole, prosjektleiar for Autopass for ferje i Vegdirektoratet, seier tilNRK at det er uheldig om det blir fleire ulike betalingsløysingar på ferjene på Vestlandet.

NRK viser også til at Rogaland vil sjå på tilsvarande løysingar, og at Sogn og Fjordane ikkje har diskutert betalingssystem på fylkesferjene enno.