Lufta hunden: Nesten-påkøyrselen av hunden skal ha skjedd i Os sentrum.

Hundeeigar spora opp bileigar etter nesten-påkøyrsel av hund

Politiet har loggført saka og snakka med bilisten i 70-åra.

Kring klokka 17 måndag fekk politiet melding frå ei kvinne i Os sentrum.

Ho fortalde at ho hadde vore ute og gått tur med hunden då ein bil passerte henne og nesten køyrde ned hunden hennar.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Kvinna meinte bilføraren ikkje skulle hatt lappen og ville eigenhendig skriva brev til Fylkeslegen om saka, fortel politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Anne Lyssand.

Kvinna hadde notert seg registreringsnummeret til bilen og spora opp bilføraren som viste seg å vera ei kvinne i slutten av 70-åra.

Fekk politiet på døra

I løpet av tysdag kveld oppsøkte politiet bileigaren. Ho skal då ha stadfesta at det «oppstod ei hending».

— Ho har fått vita at vi har fått ei melding om saka og at ho er loggført. Det skjer ikkje noko meir frå vår side no, men om det skjer igjen, blir det nok handlingar frå vår side, seier Lyssand.