Politiet fann kvitt pulver og ein sprøyte i ein bustad sør for Os onsdag.
Politiet fann kvitt pulver og ein sprøyte i ein bustad sør for Os onsdag. Foto: Illustrasjon

Huseigar kontakta politiet etter å ha funne kvitt pulver og ei sprøyte

Det er oppretta sak etter funn av narkotika.

Ein huseigar tok kontakt med politiet då vedkomande fann kvitt pulver og ei sprøyte i ein del av huset som skal ha vore utleigd til ei kvinne.

– Stoffet er henta og det er oppretta sak. Det vil bli gjort avhøyr av kvinna. Pulveret er sendt til undersøking. Det kjem ikkje fram av loggen kor store mengde det er snakk om, fortel politioverbetjent, Anne Lyssand.

Det blir opplyst at huset det er snakk om, ligg sør for Os sentrum.