Digitalt: Du kan ikkje stå framføre scenen og sjå favorittartisten din, men det betyr ikkje at du ikkje kan få ei god festivaloppleving, om enn litt annleis enn vanleg.

I helga kan du bli med på festival heime med headliners som Aurora og Boy Pablo

I kveld startar to festivalar du kan nyta direkte frå stova di. Aurora og Boy Pablo er nokre av dei lokale artistane som skal spela.

Ein kan kanskje ikkje treffast framføre scenen ein endeleg har kome fram til etter å ha pressa seg gjennom ein stor folkemengde, eller hoppa til musikken i eit hav av menneske eller slå av ein prat i baren, men festival kan det bli likevel.

Då alt av konsertar og store arrangement er avlyste i endå ei tid framover, kan det sjå mørkt ut for kulturlivet, men dei finn alternative måtar å nå ut til folket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skal rett og slett ikkje stå på underhaldning dei neste kveldane når du kan velja mellom Verftet Online Music Festival og Bergen Digitalfestival.

Om ikkje festivalopplevinga blir slik ein er van til, må me berre gjera det beste ut av det i desse spesielle tider, så her er det berre å hoppa til musikken i stua, eller nyta han i sofaen.

– Bergen Digitalfestival vert presentert av 5000 Bergen Radio og Sound & Media Group. På Søregreidgrenda har me sett opp ein scene med ein egen tre-kamera produksjon, skriv Bergen Digitalfestival på Facebook sida si.

Haavard og ORBO i kveld

Fleire artistslepp til Bergen Digitalfestival vil koma snart, men festivalen startar i kveld med ORBO som første artist. Deretter er det fusingen Haavard Skåtun sin tur.

Ole Reinert Berg-Olsen er klar:

– Eg tek med meg Reidaren (Opdal) og spelar ein halvtimes tid i kveld. Det er så mykje kjipt i nyheitene no, så det blir kjekt å spela litt, seier 36-åringen.

Han synest opplegget er bra, og gler seg over å spela i eit slikt konsept.

– Det er jo ein tre-kamera-produksjon, så det er ganske proft. Veldig bra initiativ av arrangørane, seier Ole.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bergen Digitalfestival: Her er studioet Bergen Digitalfestival har sett opp der fleire artistar vil spela både i kveld og fleire kveldar framover.

Verftet Online Music Festival skriv på si Facebook side:

– Dette er eit grenseoverskridande kulturelt prosjekt som gjenspeglar og svarer på dei utfordringane kulturnæringa står overfor i dag. Me ønsker å gje artistane ein trygg scene å opptre på, og gje publikum store konsertopplevingar, noko som ikkje har vore mogleg i denne vanskelege tida – fram til no!

Verftet Online Music Festival kan by på artistar som blant andre Aurora og Boy Pablo, samt Dårlig Vane, Kakkmaddafakka og Silja Sol. Lik Bergen Digitalfestival, startar også denne festivalen i kveld og går til 6. april.

Festivalane vil bli streama på ulike nettsider eller sosiale medium, slik at du kan få festivalen rett heim i stova di.

I helga kan du altså gå på festival heime for første gong. God festivaloppleving!