Endrar rutine: Ingen nye smittetilfelle tysdag. Kommunen opplyser samstundes at dei vil endra rutine for informasjon om eventuelt nye ilfelle.

Ingen nye smittetilfelle tysdag

Tysdag fekk ingen påvist covid-19 i Bjørnafjorden kommune

Det opplyser kommunen i ei pressemelding.

- Det er nok litt tidleg å seinka skuldrene, og det er mange ting som spelar inn på kva tidspunkt vi mottar prøvesvar, kommenterer assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

Artikkelen held fram under annonsen.

I pressemeldinga vert det også opplyst at kommunen, for å gjera «informasjon om dagens smittetal enklare, ryddigare og mindre eigna til forvirring», vil går over til å publisere samla smittetal for kommunen siste døgn innan klokka 12 neste dag.

– Kommuneoverlegen får prøvesvar i bolkar spreidde utover heile dagen og kvelden, og då tenkjer både legane og vi at det er ryddigare å gjera det på denne måten, heiter det i pressemeldinga.

– Akkurat no, i denne situasjonen med strenge lokale tiltak, informerer vi om at det ikkje var nye tilfelle tysdag. Etter kvart som situasjonen endrar/betrar seg, kjem vi berre til å informera om eventuelle nye tilfelle. Dersom vi etter kvart ikkje publiserer smittetal innan klokka 12, vil det altså bety at det ikkje er nye tilfelle siste døgn, vert det utdjupa.