politi: N/A

Ingen reaksjonar under kontroll ved Nore Neset

I ein time hadde politiet mobil- og belte-kontroll på Skeisflaten ved innkøyringa til Nore Neset barneskule. Ikkje eitt tilfelle vart avdekt.

— Det er gledeleg når me får stadfesta at folk overheld reglementet, seier Anne Lyssand ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Politiet sjekka altså bilistane for bruk av mobiltelefon under køyring, og om dei hadde bilbelte på.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Patruljen vår stod der frå klokka 13.30 til 14.30, i ein tid der det er mykje skuleborn som går til og frå. Dette er altså ein tid der ein må vera særs merksemd på gåande. Og det viste det seg at bilistane var, slår Lyssand fast.

Køyrde utan kjennemerke

Politiet i Os hadde elles to trafikale tilhøve som dei måtte ut på torsdag. Ein påkøyrsel bakfrå ved Uno X-stasjonen, og eit tilfelle av køyring utan kjennemerke på Haugland.

— I begge tilfella vart det oppretta sak. I tilfellet ved påkøyringa var det ingenting som tydde på at nokon av partane vart skadd. I tilfellet med køyringa utan kjennemerke, vart to unge gutar meldt for tilfellet, seier Lyssand.