Innbrotet har truleg skjedd natt til torsdag.

Innbrot i garasje ved Ulvenskiftet

Politiet har vore på staden og sikra spor.

Dei som har teke seg inn i garasjen har brote opp ei dør for å koma seg inn. Politioverbetjent Atle Birkeland, fortel at tjuven eller tjuvane, har teke bort ein del ting frå garasjen.

– Nett no har eg ikkje oversikt over kva dei skal ha teke, men det skal ikkje ha vore snakk om veldig store verdiar. Patruljen har sikra spor på staden og etterforskar saka, fortel Birkeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare fortel Birkeland at innbrotet truleg skjedde natt til torsdag.