Politi: Fyrst kom meldinga om innbrot, nokre timar seinare melding om funn av det som truleg var tjuvgods.

Innbrot i kjellar på Søre Neset. Fann sekk med tjuvegods på Søfteland.

Eigar saknar gjenstandar til ein verdi av 10.000 kroner.

Innbrotet skal ha skjedd i løpet av helga ein gong, og politiet vart varsla mandag morgon.

Ein privatperson fortalde at fleire private eigedelar var stole frå ei kjellarbod.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er snakk om mellom anna to avfuktarar og måleinstrument til ein totalverdi av 10.000 kroner.

Innbrotet vil bli meld.

Fann sekk på Søfteland

Nokre timar seinare, litt før klokka 15, fekk politiet melding om funn av det som truleg er tjuvegods i ein sekk i Søftelands-området.

Der låg også namn på noko post.

Vedkomande vil bli kontakta.