Skadeverk: Politiet fekk onsdag kveld melding om eit nytt bygg på Os som var utsett for skadeverk.

Innbrot og skadeverk i nytt bygg på Os

Onsdag kveld vart det meldt om innbrot og skadeverk i eit bygg på Os.

Ifølgje meldinga til Vest politidistrikt på Twitter skal det mellom anna vera eit brannsløkkingsapparat som er tømt på staden.

– Patruljen er på staden for å søkja og sikra spor, gjekk det fram av meldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også tysdag kom det melding om innbrot og skadeverk med eit pulverapparat. Då var det i Fjellheim nokon hadde vore på ferde.

– Det var ein på avdelinga som var på tilsyn der som oppdaga det. Det er sprøyta med pulverapparat, sa leiar for eigedom drift i Bjørnafjorden kommune, Dag Søfteland til avisa tidlegare i dag.

Les også
Innbrot og hærverk i Fjellheim: — Eg fekk greie på det i går