Kort tid etter at Barnas dag blei annonsert, kom det inn mange påmeldingar, fortel Tore Øvreeide.
Kort tid etter at Barnas dag blei annonsert, kom det inn mange påmeldingar, fortel Tore Øvreeide.

Inviterer til Barnas dag: – Vi vil lage ein hendingsrik dag til born som ikkje får reisa på feire

Det kan vera ulike grunner til at familiar ikkje kan reisa på ferie. Det er i hovudsak desse Øvreeide Gard har tenkt på når dei inviterer til Barnas dag.

– Vi tenkte at vi kunne finna på noko for born som av ulike grunner ikkje får reisa på ferie, slik at også dei har noko kjekt å fortelja om når dei kjem på skulen i august, og ikkje berre må høyra på alt det kjekke dei andre har opplevd, seier Tore Øvreeide.

Håpar på meir midlar

Vidare fortel Øvreeide at han tok kontakt med ordførar Terje Søviknes, som reagerte raskt på spørsmål om kommunen ønskte å støtta arrangementet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har fått 20.000 kroner frå Os kommune. Anders Arefjord har bidrege med 5.000 kroner. Vi skulle helst hatt 35.000 kroner for å få dette til på skikkeleg vis, seier Øvreeide og held fram:

– Eg er i dialog med fleire, og kanskje det er nokon som ønskjer å vera med og støtta når dei les dette.

Ved å få inn meir midlar, vil dei kunna ta i mot fleire, fortel Øvreeide.

– Vi har sett eit tak på 80 påmelde per no, men det kan vi då auka.

Innhaldsrikt program

Det er sett opp buss frå Os sentrum til Øvreeide Gard, med retur. Arrangementet, som går av stabelen tysdag 23. juli, har eit rikt program.

– Det blir servert vatn, saft og kaffi. Av mat har vi pølse, hamburgar og is. Det vil også bli laga svele og vaflar. John Lepsøy stiller med Oselvar, og vi har tre Askeladden-båtar og ein kano. Det er høve til å fiska, og så har vi ein instruktør som skal instruera born i bogeskyting, seier Øvreeide og held fram:

– Ein kan også prøva seg på pilkasting, ball på boksar, hesteskokasting og trøbilar. Riding og hest med vogn vil også vera tilgjengeleg.

Det ser også ut til at det vil koma underhaldning ovanfrå.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje heilt spikra, men det kan koma fire jenter flygande i fallskjerm i Hegglandsdalen. Kan henda det også kjem eit helikopter slik at ungane kan få sjå på det. Vi håpar også på sjøfly og kanskje til og med flyoppvising.

Mange påmeldingar første dag

Det ligg altså an til ein innhaldsrik dag i Hegglandsdalen.

– Dette skal bli ein opplevingsrik dag. Vidar Mæland kjem også og skal teikna. Ein må melda seg på, og vi må vita kor mange som køyrer sjølv og kor mange som skal på bussen, seier Øvreeide og held fram:

– Dette er første gong vi prøver dette. Hittil i dag (fredag) har det alt kome inn 15 påmelde. Vi ser fram til ein kjekk dag.